Sist veke spurde vi lesarane våre om dei er leie av reklameavbrot under OL-sendingane, etter at dette har vore eit heitt tema sidan Sotsji-OL starta.

Fleirtalet på 68 prosent hadde valt svaralternativet "Ja, det er ein uting".

Resten av lesarane var delte i to like store leirar:

16 prosent valde "Nei, reklame må ein rekne med om ein vil ha fleire kanalar" medan dei resterande 16 prosenta rett og slett valde svaralternativet "Bryr meg ikkje".

Denne gongen er Vekas spørsmål:

Trur du på norsk gull under 5-mila?

Du finn Vekas spørsmål eit stykke ned på Fjordingen si nettside.