Dei er eigar av området kring Hotel Videseter som har søkt kommunen og fylkeskommunen om tilskot til utsiktsrydding. Det peikast på at dette området har vore beiteområde tidlegare, men at skogen no har tatt grep om området rundt hotellet og langs vegane ned Videdalen.

- Hotellet rydda for ca 10 år sidan heile tomta for trær for eiga rekning, men det er no på tide å gjere nytt tiltak då det gror igjen. Rundt sjølve hotellet er der voldsomt med knoppskyting og der krevast rydding og sprøyting, heiter det i søknaden til Stryn kommune.

Per Garen skriv i søknaden at utsikta frå Hotel Videseter er berømt og at det er naturlig å søke kommunale tilskot til rydding av denne.

Han meiner arbeidet vil krevje to mann i arbeid i omlag ein månad. Totalt er arbeidet stipulert til 410.000 kroner.

Han har søkt kr. 205.000 kroner i tilskot frå Stryn kommune / fylkeskommunen til dette formålet.

Stryn Kommune handsamar saka.

Les også: Tursti i Olden fekk midlar til utsiktsrydding