Laurdag inviterer Moods of Norway i samarbeid med Flo Aktiv til karneval i Stryn.

– Vi vil lage litt fart og moro i sentrum, seier Wenche Aaning frå Moods of Norway.

- Det vert opptog frå Strynehallen til Per Bolstad plass. Her blir det leikar og aktivitetar. Isehaug stiller med samba-DJ, og vi satsar på god stemning og at folk får fart på sambafoten!

Moodskarnevalet vil ha premiering til dei beste kostyma, både for born og vaksne.

– Dette er eit karneval for alle, og vi oppmodar absolutt også dei vaksne til å vere med og kle seg ut, seier Ragnhild Egge frå Flo Aktiv.