20 millionar kroner er satt av til verdiskapning og næringsutvikling i fjellområda, og no nærmar søknadsfristen seg. 1. juli går fristen ut for å søkje om midlar til ulike prosjekt, går det fram av utlysinga hos fylkesmannen.

Enkeltbedrifter kan ikkje stå som einaste søkar, men bedrifter i nettverk er velkome til søke. Det same er lag, organisasjonar, frivillige, offentlege aktørar som kommunar og fylkeskommunar, kunnskapsmiljø, utviklingsaktørar osv. Det vil telje positivt om aktørar frå privat sektor, offentleg sektor og kompetansemiljø samarbeider, går det fram av utlysinga.

Temaet «Fjellet som fritidsarena» har hovudprioritet i 2015. Søknader kobla til bruk av hytter og fritidseigedomar vert prioriterte. Døme på tema:

  • kortreist mat og opplevingar

  • aktivitets- og arrangementsutvikling

  • kompetansetiltak

  • tilbod som aukar bruken av fritidsbustadar

  • friluftsliv/folkehelse

  • utmarksnæring

  • fjellandbruket i eit opplevingsperspektiv

  • kommunal tilrettelegging og prioritering

Ein kommune vert definert som fjellkommune om over 50 % av arealet er over 700 moh. I Sogn og Fjordane vert desse definert som fjellkommunar: Vik, Balestrand, Leikanger, Sogndal, Aurland, Lærdal, Årdal, Luster, Jølster og Stryn.

Prosjektet er finansiert av Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Målet er å styrke grunnlaget for økonomisk verdiskaping og næringsutvikling i fjellområda ved å satse på kompetanse- og nettverksbygging, entreprenørskap og innovasjon i næringslivet.