Med stor skøyteaktivitet i fylket for tida, oppfordrer politiet i Sogn og Fjordane folk til å følgje isvettreglane.

Tryg Forsikring har lagt ut viktige reglar å hugse på når ein skal ut på isen.

- Dette er ein viktig bodskap no, skriv politiet på Twitter.

Isvettreglane:

1. Ha respekt for isen.

Ver merksam på at isen aldri kan bli  heilt sikker over alt.

2. Ikkje gå ut på is utan å kunne svømme.

Helst bør du ha prøvd å vere i isvatn, delvis for å kjenne till korleis det er, men like mykje for å kjenne til din eigen reaksjon dersom du kjem  i så kaldt vatn. Kan du ikkje svømme, bør du ha på deg ei form for flyteplagg.

3. Hald deg på sikker is.

Styr unna stadar der du bør vite at det er svak is.

Du må ikkje gå ut på is med stor variasjon i tjukkelse og bæreevne utan at du har god kjennskap til is og har trent på å oppfatte variasjonar i isen. Med kjennskap til is vil du gå uteaom siv, råker, bruer, oddar, utløp, innløp, trange sund, stadar der du viet det er grunner, eller der isen akkurat har lagt seg. I forhold til is på regulerte vatn og korleis isforholdene kan variere med varierande vannstand, effektkjøring osv. finn du informasjon på www.nve.no.

4. Vær spesielt oppmerksom på haustis, snødekt is og våris.

Nylagt is eller is som nærmar seg å gå opp, er upåliteleg. Snødekt is kan vere skummel fordi du ikkje kan jåe eller merke kvar han er svak, før det er for seint. Spesielt merksam skal du vere dersom snøen har lagt seg på isen kort tid etter at han har lagt seg. 30 cm snø isolerer og gjer at isen ikkje legg på seg.

5. Bruk alle sansane når du går på isen.

Isen gir lyd frå seg. Høge og korte lydar er eit varsel om tynn is. Kvit eller grå is er svakare enn mørk is (gjeld ikkje vårisen) og blank is. Is på saltvatn er svakare enn is på ferskvatn.

6. Gå flere i følge.

De representerer ei redningsmuligheit for kvarandre. Går de litt spredd, vil de fordele veka over ei større flate, samtidig som ikkje alle vil gå igjennom på éin gang.

7. Ta med deg skikkeleg og tilstrekkelig sikkerheitsutstyr.

Dette må sjåast i forhold til erfaring og kva type tur du er på. Ein godt festa sekk med skiftetøy pakka i vasstett pose, gjev oppdrift. Ispiggar er obligatorisk. I tillegg bør du ha med deg ei kasteline.

8. Viss du går igjennom isen, ikkje få panikk.

Tenk klart, og sjansane aukar for at du kjem deg opp igjen. Forsøk å halde hovudet og øvre del av kroppen mest muleg over vatn. Dette vil redusere nedkjøling og auke overlevelsesmulegheita. Kjem du under isen, leit deg fram til der isen er mørkast, der er det ope vatn. Søk alltid etter å kome opp i den retninga du kom frå, før du gjekk gjennom. Bruk ispiggar, tollekniv, stav eller ein annan spiss gjenstand for å hogge tak i isen, og hjelp til med kraftige spark.

9. Viss andre går gjennom isen; hald avstand.

Bruk såkalt forlenga arm. Helst ein redningsline, livredningsbøye eller anna du kan kaste bort til den som ligg i vatnet. Har du ikkje dette, trekk deg fram på magen og rekk ut ei ski, skistav, eit belte, ei grein etc. Sørg for ei form for forankring så ikkje du også blir dratt uti.