2015 er historie, 2016 ligg framfor oss, nesten ubrukt. Tida vi er inne i byr på utfordringar innanfor mange område, ikkje minst i næringslivet. Fallande oljeprisar betyr lågare aktivitet i oljerelatert verksemd. Og når nokre bransjar går på redusert fart, er det ofte slik at andre område følgjer etter. Men det finst og mange område som går godt. Akkurat no er kanskje reiselivsnæringa det beste eksemplet.

«Det er i tider med lågare aktivitet ein skal leggje grunnlaget for veksten som vil kome.» Desse orda tilhøyrer hotelldirektør ved Alexandra og dagleg leiar i Hoven Loen AS, Richard Grov. På tampen av fjoråret skreiv Fjordingen mange gonger om Hoven Loen-prosjektet. Dette vil bli den største utandørs reiselivssatsinga i Nordfjord nokon sinne med den første pendelbana som vert bygd i Norge sidan 1950-talet. Samtidig skreiv vi om Hotel Alexandra som nok ein gong legg store summar i utbygging og modernisering av hotellet. Desse prosjekta i Loen er mogleg fordi mange nok ser potensialet og tør å satse.

Den type positivitet som følgjer med eit prosjekt som Hoven Loen gir ringverknader langt ut over Loen, Stryn og indre Nordfjord. Medan sommarskisenteret på Tystigen var på topp, vart det sagt at for kvar krone som vart brukt på Tystigen, vart det brukt fem kroner i nærområdet elles. Kva slags formel for økonomiske ringverknader som vil gjelde ved utbygginga av Hoven Loen, står att å sjå. Men mykje truleg vert fem-gangen for liten.

Indre Nordfjord har mange eldsjeler som står på for fellesskapet sitt beste. Anten i form av betalt arbeid eller ved dugnadsinnsats. Dei lever gjerne etter teikneserien Snoopy sitt visdomsord: I ei stripe der venen Charlie og Snoopy sit ved sidan av kvarandre på bryggekanten, seier Charlie: «Ein dag skal vi alle døy, Snoopy!» «Sant nok, men på alle dei andre dagane vil vi ikkje døy», svarar Snoopy. Gode ord inn i det nye året.

Godt nytt år, grip dagen!

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør