Omlag 100 elevar, i hovudsak frå Stryn vidaregåande skule, var samla i Strynehallen fredag ettermiddag. Akkurat det er ikkje så spesielt i seg sjølv, men at ein av dei to som leia treninga heitte Kjetil André Aamodt gjorde seansen betydeleg meir ekstraordinær.

No er det gjerne eit faktum at mange av dei som let seg piske rundt i hallen hadde eit heller vagt forhold til den tidlegare OL-helten. Dei fleste var mellom 8 og 10 år då den tidlegare alpinstjerna la skia på hylla. Men ein som løyste sveitten og som hadde god kjennskap til Aamodt, var fotballkeeperen Jens August Guddal Muri (17).

- Ja sjølvsagt! Umuleg å ikkje vite om han og Lasse (Kjus) om du er interessert i sport. Store, norske idrettsheltar! seier Muri, som var godt nøgd med den ein timer lange basisøkta.

- Artig å prøve øvelsar du elles ikkje brukar, og sjølvsagt deilig å sveitte litt, seier han.

- Hyggeleg å gi noko tilbake

Aamodt er for tida på ein norgesturné i samband med den pågåande fakkelstafetten til ungdoms-OL på Lillehammer i neste månad. Han tykkjer det er kjekt å få spele ei rolle i det han meiner er eit viktig arrangement.

- Det er hyggeleg å kunne gi noko tilbake. Eg er med og snakkar litt om haldningar og verdiar og held desse basisøktene. Dette handlar ikkje om toppidrett men om å vere i aktivitet. Her treng ein ikkje noko utstyr, berre ein gymsal. Vi køyrer øvingar med dei ferdigheitene ein treng i alle idrettar, fortel Aamodt.

Kappast i fredstid

Ungdoms OL fanst ikkje då han vaks opp. Til gjengjeld fekk han oppleve ei rekkje OL som vaksen alpinist. På spørsmål om kva han meiner skiller dei to arrangementa, kjem det kjapt:

- Eg trur det er kjekkare enn eit vanleg OL. Det første OL er spennande og nytt, men på slutten handlar det berre om å prestere. Sånn sett trur eg ungdoms-OL har meir verdi, seier han. Aamodt peikar på dei tre elementa utdanning, kultur og idrett som alle er viktige i den olympiske ånda.

- Det er over 3.000 frivillige med, 1.100 utøvarar og her møtes ein og kan lære av kvarandre. Det å kome ilag og kappast i fredstid er kanskje viktigare enn nokon gong, seier Aamodt.