Anders Fannemel fulgte opp med ny topplassering då Hoppuka heldt fram med nyttårshopprennet i Garmisch-Partenkirchen fredag ettermiddag.
Fannemel låg på fjerdeplass etter den første omgangen der han leverte eit hopp på 132,5 meter. Dessverre klarte ikkje han å følge heilt opp i andreomgang, og med hoppet på 126 meter vart det til slutt ein sjuandeplass når Peter Prevc, Severin Freund og Kenneth Gangnes hadde gjort opp om sigeren.
Der var det sloveneren som kom suverent best ut, men med norske Kenneth Gangnes på ein sterk andreplass, 12 poeng bak. Johann Andre Forfang vart nummer fire, vel tjue poeng bak. Anders Fannemel vart så mykje som 31 poeng bak Prevc.