Hornindal kommune søkjer etter bustader for busetjing av asylsøkjarar.
- I første omgang treng vi husvære til fire personar, men kommunen ønskjer også å få kartlagt kva som finst av aktuelle hus for seinare busetjing av asylsøkjarar, seier rådmann Ann Kristin Langeland til Fjordingen.
- Når får Hornindal sine første asylsøkjarar?
- Eg kan ikkje gje eksakt dato, men det er ønskjeleg at det skjer så snart det er praktisk mogeleg.
- Veit de alder og nasjonalitet på dei som kjem?
- Nei, det er ikkje klarlagt, opplyser Ann Kristin Langeland.
Hornindal kommunestyre har gjort vedtak om busetjing av 10 asylsøkjarar i 2016. Frå IMDi ligg det føre oppmoding om ytterlegare 5 i inneverande år.
Busetjinga v flyktningar blir sak på utvalsmøtet komande veke og i formannskapet/kommunestyret veka etter.
- Eg vil tilrå at Hornindal kommune held på talet 10 inntil vi ser korleis det praktiske fungerer. Men det er heller ikkje noko i vegen for at vi kan auke seinare i 2016, seier rådmannen, og viser till at det også ligg føre oppmoding om busetjing av 17 asylsøkjarar i 2017.