Innvik Fruktlager har registrert 196 dekar for epleproduksjon i Gloppen og Stryn. 40 prosent er 18 år og eldre og treng nyplanting.

-Det er aukande interesse, og det kjem ein del nyplanting alt i sommar, fortel Svein Kvame som er rådgjevar for produksjon og produsentkontakt ved Innvik Fruktlager. På eit produsentmøte i februar vart det gjeve klare signal om at det er grunnlag for å satse på eple, men det krev nyplanting og omlegging. Det var gode prisar i 2015, og høge prisar på utanlandsk frukt i butikkane no, fortel at det er lite frukt i Europa.

-Når vi snakkar om replanting er det både for å få inn sortar som er god salsvare, og fordi mykje av dei gamle trea er feil klipte med tanke på lys på frukta. Greinene er for tjukke og tek for mykje kraft. - Sortane som bør satsast på er Raud Gravenstein, Raud Aroma, Sommerred og Discovery, meiner Kvame.

Gamle tre skal bort

-Dette skal bort, seier Jan Steinar Roset, og viser fram ein hage med eplesorten Nanna som vart planta i 2001. Den gongen skulle dei satse på tidlegfrukt for å utvide sesongen.-Det er ei velsmakande frukt, men den er nesten umogeleg å handtere. I alle fall maskinelt på fruktlageret, og kundane vil ikkje ha frukt med flekkar.Jan Steinar (73) er pensjonist og deler kvardagen mellom stell av frukthagen og trening til «Birken». Det er eple som rår det meste av grunnen på dei 20 måla med frukthage på Blakset, men han har også litt pære, plomme og moreller.

Viktig med lys på frukta

-Det er no vi legg grunnlaget for kvaliteten på frukta, seier han og viser korleis ein skal klippe for å få meir lys på frukta.-Med dagens opplegg kan vi plante tettare, og få meir ut av kvart einaste dekar med frukt, seier han og oppmodar også yngre produsentar om å tenkje nytt.Problemet for mange små produsentar er at dei er er i minste laget til å kome med på tilskotsordninga for nyplanting, men Roset har føreteke nyplanting over fleire år.

-Fruktproduksjonen hadde ein oppsving på nittitalet då er tok over småbruket etter far min, og eg trur på ny oppsving om ein er villig til fornying, seier han.