Både Johannes Thingnes Bø og Tarjei Bø er uttekne til opningsøvinga mixed-stafett under Skiskytter-VM. Dette vart offentleggjort på eit pressemøte tysdag føremiddag.

- Stafettane er kanskje mine to beste mulegheiter for medalje. Det vanskelegaste var vel å bli kvalifisert, smilte Johannes Thingnes Bø.

- Eg har lyst på gullmedalje. I fjor vart det mange kjedelege medaljar, seier Tarjei, og siktar til bronsemedaljefangsten i VM i Kontiolathi i fjor.

På laget går elles Tiril Eckhoff og Marte Olsbu. Det er Olsbu som går første etappe, Eckhoff andre, Johannes tredje og Tarjei avsluttar for det norske laget. Mixed-stafetten går torsdag ettermiddag.