27. mars klokka 02 går vi igjen over til sommartid. Det skjer ved at klokka skal stillast ein time FRAM. Noko som igjen betyr at natta blir ein time kortare.

I Norge blei sommartid gjennomført for fyrste gong i 1916, og i år er det 100 år sidan det blei gjort for fyrste gong. Men det var fyrst i 1980 at klokka blei stilt til sommartid kvart år, då det på nytt blei innført i Norge

Ein hugseregel som minner om at klokka denne gongen skal stillast fram, er å tenkje på at du ser fram til sommarferien og dermed stiller klokka fram på våren, tipsar Justervesenet.

Hensikta med å stille klokka er å utnytte dagslyset betre i den tida på døgnet folk normalt er vakne. (©NPK)