Med det nye seriesystemet som vart innført på Fotballforbundet sittting i helga, blir det knallhardt å framleis vere ein 3.divisjonsklubb etter årets sesong.

– Ordninga betyr at Stryn må blimellom dei fire beste i avdelinga for å vere sikra plass, ellereventuelt bli mellom dei åtte beste laga på 5.plass i avdeling1-10, forklarar John Os i Stryn fotball.

I den nye serieordningaskal 2. divisjon halverast frå 56 til 28 lag (to avdelingar) og 3.divisjon skal halverast frå 12 til seks avdelingar. I denneovergangssesongen til ny ordning er det ingen lag frå 3.-6.divisjon som får høve tl å rykke opp.

Men Os vurderer det som eit«halvt opprykk» dersom Stryn klarar å halde divisjonen, med tankepå nivået ein no får. Han håpar også for spenninga si skuld atikkje dei fire-fem beste laga utkrystalliserar seg for tidleg isesongen.