I dag ligg alt til rette for ein aktiv dag med mange arrangement i fjellheimen i indre Nordfjord.

På Utvikfjellet er det klart for alpinrennet Even Hole Cup med fleire lokale deltakarar til start.

- Rennet går i storslalom og dette brukar å vere fylket sitt største alpinrenn. I fjor deltok i overkant av 100 alpinistar og vi reknar med at det blir noko av det samme i år, fortel Anders Felde i Breimsbygda IL.

Arrangøren kan lokke med ein stor og rund ost på ti kilo i bestemannspremie til raskaste jente og raskaste gut i den lengste løypa. I pausen blir det den årlege sportsgudstenesta på Utvikfjellet. På same tid blir det også friluftsgudstenester på Bøasetra i Stryn og Bruasetra i Hornindal.