VM i Holmenkollen baud på sterke opplevingar for dei mange som tok turen for å vere publikum.

Fantastisk stemning, fortel Johan Eirik Meland, sjølv skiskyttar og ein av dei unge løparane som har trent saman med Johannes Thingnes Bø sidan dei var små.

Laurdag fekk han sjå barndomskameraten stikke frå resten av verdseliten og legge grunnlaget for norsk VM-gull i stafett.

Glade gutar: Samanlagtvinnarar i Norgescupen for Markane IL for nokre år sidan, Johan Eirik Meland (t.v.) vann 17- årsklassen medan Johannes Thingnes Bø vann 18- årsklassen. Foto: Statkraft Nordfjord Team

- Stafetten var heilt magisk. Då Johannes gjekk klarte eg nesten ikkje å rope. Eg var nesten halvvegs på gråten heile tida. Det var stort! seier Johane Eirik Meland, som fekk det minst like nervepirrande i går, då han fekk sjå kameraten ta sitt individuelle VM-gull. Men så vart jubelscenene desto større då gullet var eit faktum!