Andre påskedag i 12-tida vart ein syklist lettare skadd etter påkøyrsel av bil ved krysset som fører ned til Faleide.

- Mannen i 80 åra vart treft av bilen då han kom inn på riksveg 15. Det er ikkje snakk om alvorleg skade, men han vart sendt til sjukehuset på Nordfjordeid for kontroll, opplyser operasjonsleiar Wenke Hope ved Vest Politidistrikt til Fjordingen.