Postbod Lasse Gytri opplevde i går nok ein gong at steinar dett ned på vegbana på Flovegen i Stryn.
- Nok ein gong stein i vegbana på vegen til Flo. Skal det gå liv på denne vegstrekninga før tunnelen kjem? Som postmann køyrer eg denne vegen dagleg, og ser stadig stein som ligg i vegbana. På vinterstid er det også mykje isblokker, seier postbod Lasse Gytri til Fjordingen. Han har sendt oss dette bildet som vart teke onsdag.