Gjennom hausten har det gradivis etablert seg eit nytt treningsmiljø i Stryn. Med mest muleg kilo på vektstanga pressar dei seg gjennom knebøy, markløft og benkpress. Denne månaden blir Stryn styrkeklubb (Stryn SK) etablert.
- I starten var det omtrent berre eg og Christopher som dreiv på. No er vi 10-15 personar og det er nesten flest jenter som er med, fortel Espen Thunes. Den høgreiste karen frå Lillestrøm er formann, og med seg i styret har han Christopher Garlid, Signe Elisabeth Belden og Rune Berger.
Klubbstemne i helga
Den nystarta klubben ønskjer allereie i helga velkomen til klubbstemne på treningssenteret. Her er både medlemmar og ikkje-medlemmar, erfarne og uerfarne velkomne.
- Vi kjem til å gå gjennom retningslinjer i forkant. Målet er å gi eit innblikk og få folk gira til å prøve meir, seier Thunes.