Fylkesutvalet vedtok denne veka å starte arbeidet med ny regional transportplan for 2018-2027, ein viktig plan for samferdsleinvesteringar i fylket framover.
Handlingsprogrammet i regional transportplan er styrande for fylkeskommunen sine prioriteringar av samferdsleinvesteringar i perioden. I desember 2013 vedtok fylkestinget Regional transportplan for 2014 – 2023 med handlingsprogram for perioden 2014 - 2017. Planen skal reviderast kvart fjerde år.
Arbeidet med Regional transportplan (RTP) for 2018 – 2027 blir no sett i gong. Først blir det laga eit planprogram for arbeidet, som vert godkjent av fylkesutvalet i juni 2016. Her blir framdriftsplan for arbeidet, prosess i planarbeidet og innhald i ny transportplan klårgjort. Når det gjeld innhaldet vil det vere naturleg å jobba ut i frå innhaldet i gjeldande plan. Analysar av dagens situasjon i Sogn og Fjordane vil kartlegge status, utviklingstrekk, utfordringar og behov, skriv fylkeskommunen.
Det er lagt opp til følgjande framdriftsplan for arbeidet med planprogrammet til RTP:
- 27. januar 2016: Vedtak i FU om oppstart av planarbeidet med utarbeiding av planprogram.
- Mars 2016: Arbeidsdokument i planutvalet dersom det viser seg at det er behov for politiske avklaringar i arbeidet med planprogrammet.
- 13. april 2016: FU-handsaming av utkast til planprogram med vedtak om utlegging til offentleg ettersyn.
- 14. april 2016: Utsending av planprogram på høyring med høyringsfrist 27. mai 2016.
- April/mai 2016: Ev. høyringsmøte på planprogrammet.
- 22. juni 2016: FU-vedtak av endeleg planprogram og om vidare framdrift av planarbeidet.
Framlegg til Regional transportplan 2018 – 29 med handlingsprogram for 2018 – 21 vil bli lagt fram for fylkestinget til handsaming og godkjenning desember 2017. Ny RTP med handlingsprogram vil gjelde frå 2018, melder fylkeskommunen.