Stryn sitt A-lag og støtteapparat er tilbake etter ei vekes treningsleir i Danmark. Trenar Johann Sigurdsson seier seg svært fornøgd med både det sportslege og sosiale utbyttet.

- Dette er beste treningsleiren eg nokon gong har vore med på. Stryn har ei fantastisk flott spelargruppe, slår han fast.

Under opphaldet i Danmark spelte Stryn treningskamp mot divisjonskollega Eik Tønsberg. Det gav siger 2-0.

- Dette lovar godt før cupkampen mot Godøy komande onsdag?

- Ja, eg føler vi er i bra slag. For Stryn er cupen viktig. Etter den flotte opplevinga i fjor med heimekamp mot AaFK, er det ei uttalt målsetjing  at Stryn skal kome vidare til første ordinære runde. Men det krev at vi slår Godøy, seier Johann Sigurdsson.

Treningsleiren i Danmark vart toppa med besøk hos Ulrik Flo i Silkeborg.

- Vi fekk treffe Ulrik før kampen mot Vendsyssel (nummer to i 1.divisjon). Det var veldig kjekt. Ulrik skaffa billlettar til kampen og tok seg godt av oss på alle måtar.

- Ulrik vart kåra til man of the match i sin  første seriekamp for Silkeborg. Korleis klarte han seg mot Vendsyssel?

- Ulrik jobba knallhardt i kampen som enda 1-1. Men det forbausa meg at Silkeborg som spelte mykje possession,  ikkje slo meir innlegg for å utnytte Ulrik sin spisskompetanse i feltet, seier Johann Sigurdsson.