Det var elektrisk stemning,då Norge gjekk inn til gull på stafetten under skiskyttar-VM. Mednærare 35.000 på tribunen og langs løypa vart Norge nærast bore fram i løypa. Ein bra etappe av Ole Einar Bjørndalen og Tarjei Bøsende Johannes ut i tet på tredje etappe. Da gjekk stryningen den råaste etappen på svært lenge. Han gjekk raskast av alle isporet, skaut ti blinkar rett ned og skaffa Norge ei solid leiingpå nær halvminuttet til Tyskland og Canada. Dermed fikk EmilHegle Svendsen eit svært godt utgangspunkt før siste etappe.

–Fjerdeplassar er veldig bra, men eit stafett-gull i dag betyr altfor meg. Det er noko spesielt å ta gull på heimebane. I dag gjekk eg kanskje mitt beste løp nokon gong, iallefall den beste stafettetappen min, fortel ungguten jublande glad til Fjordingen.

–Kor mykje gler du deg til medaljeseremonien?

– Eg gler megenormt til å stå framfor folkemassen og synge nasjonalsongen samanmed dei to tonedøve gutane her, humra han til lokalavisa og såg påstorebror og Emil Hegle Svendsen.

Bø-brørne har to medaljar i VM.Bronse fra mix-stafetten og gull på herrestafetten.

– Johannes erverdas nest beste skiskyttar. Han er heilt rå om dagen, meinerstorebror som sjølv gjekk ein gneistrande andreetappe.

Skreik til Emil

Etter den fantastiske tredje etappen brølte nærast JohannesThingnes Bø til ankermann Emil Hegle Svendsen.

– Eg hugsar kor gira eg vart då Tarjei gjorde det i OL-stafetten til meg. Derforropte eg at han skulle køyre på. Det er lett å få fokus på at dukan miste gullet framfor å vere offensiv når du får eit sliktforsprang, seier han. Gutane vedgjekk at stafettgullet til kvinnenefredag gav dei inspirasjon til å gje alt på stafetten.

– Dei fekk oss igodt humør, og vi vart løfta opp etter innsatsen pånormaldistansen, forklarer Emil Hegle Svendsen.

Fantastisk stemning

Begge Bø-brørne var veldig klare på kor magisk det hadde vore å gå framforheimepublikummet.

– Det var ein vegg med norske flagg og voldsomtleven. Eg er veldig glad for at eg driv med ein idrett folk bryrseg om, forklarer Tarjei Bø, som vart historisk sammen med veslebrorJohannes. Det er første gongen eit brødrepar vinn gull påherrestafetten i eit VM.

– Alltid moro å bli historisk, smiler deifornøgde.

Lovar godt

Innsatsen av Bø-brørne på stafetten lovargodt før den avsluttande fellesstarten i VM. Også for Tarjei, somhar slite ein del så langt, kjendest det ut som om det løsna i løypa:

– Endelig komformen. I dag var eg i kjempeform. Synd dei andre glei meg inn iutforbakkane, påpeikte Tarjei og la til:

– Vi har ingen planar om åla Martin Fourcade få ta fleire gullmedaljar i denne meisterskapen,seier han. Etter tre fjerdeplassar ønskjer også Johannes å avsluttemeisterskapen med ein individuell medalje.

– Fellesstarten gler egmeg til no. Føler eg har ei god mulegheit, påpeikar han før Tarjeilegg til:

– Eg skal love dykk at det er få i Holmenkollen somskal bli stille i morgon.

Bø-familen opplevde ein stor lettelse då det endeleg klaffa for Tarjei og Johannes.