Som vanleg var det folksamt både på scena og i salen då Ungdommens Kulturmønstring fann stad i Stryn kulturhus laurdag kveld.

Ungdomar frå Stryn og Hornindal synte fram sine talent innan song, dans, foto og måling. Her var det både trommesolo, harpespel og linedance. Ein idol-kjendis stilte på mønstringa óg. Sjå fyldig dekning av arrangementet i papirutgåva måndag.