Etter det Fjordingen har fått fortalt frå fleire personar, var trykket var så sterkt at ein av dei unge mennene var kasta ut av vindauget. Han skal ha lege oppe på hemsen då eksplosjonen skjedde.

Sprang på sokkane

Jan Ivar Vik fortel at han køyrde opp med ein gong rundt halv seks. Då han kom opp var hytta nesten brent ned. Før dette hadde to av mennene sprunge på sokkane heile vegen frå hytta, og fire kilometer til nærmaste bustadfelt. På vegen opp tok han med seg ein av desse.

- Då eg kom opp var resten av mennene på ei nabohytte, og sjølve hytta var nesten nedbrent. Etter at alarmen gjekk kom brannvesen og ambulanse opp på staden, seier Vik.

- Har vore heldige

- Dei skal vere glade dei ikkje sov tungt, og at det berre var røyk i hytta. Mennene har vore svineheldige, meiner han.

Les meir i papirutgåva onsdag