Aksel Mathias Meland frå Markane IL vart nummer 13 i NM fellesstart i skiskyting i Vingrom. Med seks bom, tre av dei på andre skyting, rauk sjansen til ei topplassering. Men med svært god fart i sporet vart det likevel ein solid 13. plass i klassen M17, tre minutt og 10 sekund bak Filip Fjeld Andersen frå Geilo IL.