Tidleg laurdag morgon vart ein person pågripen på Otta, sikta for biltjuveri og køyring i rusa tilstand. Bilen mannen hadde køyrd hadde han stole i Stryn.

Måndag vart det oppdaga ein bil som stod parkert utanfor rutebilstasjoneen i Stryn. Det viste seg at denne bilen var stolen i Ørsta av same person.

-Dermed har vi køyreruta klar. Mannen som er busett på Sunnmøre stal først ein bil som stod open og med nøklane i i Ørsta, for så å køyre til Stryn. Her parkerte han og fann ein ny bil med nøklane i, opplyser politibetjent Vidar Stavik. Han oppmodar bileigarar om å løse bilane sine og slett ikkje la dei stå med nøklane i.