Stryn kommunestyre skal på møtet 31. mars ta stilling til barnehagesituasjonen i Vikane.

Formannskapet tilrådde med 5 mot 2 røyster fylgjande framlegg til vedtak:

1. Administrasjonen gjevast i oppdrag å samordne skule og barnehage i Vikane, lokalisert til Innvik, ut frå gjeldande økonomiske råmer.

2- Det skal leggast til grunn og opprette eit oppvekstsenter.

3. Det skal utarbeidast økonomiske og bygningsmessige konsekvensar ved ei slik etablering."

Mindretalet på 2 støtta framlegget frå rådmannen:

"Vedtaket om ei barnehageavdeling i Vikane, lokalisert til Utvik, vert effektuert ut frå gjeldande økonomiske råmer".

To av sju formannskapsmedlemmer støtta rådmannen si tiråding om at samle barnehageborna i Vikane i Utvik. Foto: Roy Aron Myklebust