Det var tysdag føremiddag fartsfantomet opererte på riksveg 15 utover frå Stryn sentrum. Politibetjent Tor Egedahl og ein kollega var ute på sivilt oppdrag då dei bli forbikøyrde i Grønnevik. Ingen tvil om at den eldre bilen av type Mazda 626 som susa forbi, braut alt som var av fartsgrenser.

La seg på hjul

- Vi la oss på hjul. Og utover mot Vinsrygg-krysset målte vi farten til 150 km/t, opplyser Tor Egedahl. Og ikkje nok med det. Den fartslystne sjåføren føretok ei svært farleg forbikøyring som i seg sjølv kvalifiserer til reaksjonar frå lovens lange arm.

Stansa på Langeset

Vidare utover forbi Svarstad og opp Svarstadsvingane gav politiet seg til kjenne overfor bilen framanfor.

- Vi fekk stoppa villmannskøyringa oppe på Langesethøgda, fortel Egedahl. Det viste seg at bilisten som hadde vore så tung på gasspedalen, var heimehøyrande i Vågsøy kommune. Mannen er midt i 20-åra og må bu seg på å vere utan førarkort i månadene framover. I tillegg vil det også vanke andre straffereaksjonar etter den hasardiøse køyringa.