Dei 10 første treskifestivalane var det Torstein Tvinnereim som var sjef for. Etter det er det Kåre Tonning og Kristian Hool Egge som står som arrangørar. Tidlegare gjekk lengderenna i Stryn sentrum, og ofte var det snømangel og mykje som måtte førebuast.

Flytta dit snøen er

Tida med tilkøyrd snø til eit snøfritt sentrum er definitivt over. Miljø-omsyn, høge dieselprisar og transportkostnadar har vore avgjerande for at arrangementet er flytta til Stryn Vinterski der snøen er.

– Det er krevjande å arrangere heile treskifestivalen i Stryn sentrum, både når det kjem til mannskap, vakter, tilkøyring av snø med meir, seier Kåre Tonning. Han håpar på godt oppmøte ved skisenteret der det blir skirenn for borna og lengderenn for dei vaksne.

Barnekonkurransen ifjor, med heile 59 små born, synte at rekrutteringa er god. Håpet er at litt fleire vaksne stiller opp i år.

– Elles så blir det premiering etter renna ved skisenteret. Alle borna som deltek får premie, og det blir delt ut premie for første- og andreplass blant dei vaksne. Det blir også delt ut premie for beste antrekk blant dei vaksne, seier Tonning.

Dans på Per Bolstad plass

Seinare på dagen forflyttar treskifesten seg ned i sentum.

– Då blir det dans og fest i telt på Per Bolstad plass. I år er det partybandet Glimmer som skal spele opp til dans, fortel Tonning.

For den som vil tjuvstarte Treskifestivalen så blir det treski-quiz på Johans pub fredag kveld.