Etter 21. plass i normalbakken i Sommar Grand Prix laurdag, hoppa Anders Fannemel nokre svært gode treningsomgangar i storbakken i russiske Nizhny Tagil i går. I siste treningsomgang hoppa han 128,5 m og vart omgangens nest beste hoppar, berre slått av Dimitri Vasilijev.

I rennet slo han av litt på lengdene, men hoppa 123,5 m i det lengste hoppet og enda til slutt på ein 16. plass.

- Det går betre og betre. Dei beste hoppa er stadig nærmare. Eg fekk ikkje heilt ut det beste i rennet, men er greit fornøgd, seier Anders Fannemel til Fjordingen.

Rennet vart vunne av Jakub Janda frå Tsjekkia framfor Jernej Damjan frå Slovenia. Anders Bardal kom på ein delt tredje plass.