Gunn Helgesen, leiar i Nordfjordrådet. Foto: Bengt Flaten

Helgesen følgde styremøtet i Helse Førde fredag frå sidelinja, og seier at ho ikkje er spesielt overraska over det som skjedde.

- Eg opplever at styret no set hardt mot hardt og køyrer prosessen slik dei har skissert tidlegare. Litt kamuflert er dette den same modellen som då Nordfjord vart lansert som lokalmedisinsk senter, seier Helgesen.

- Skjønar du at styret gjer dette?

- Situasjonen er at det ikkje har kome signal om meir pengar. Ut frå det kan eg forstå at dei køyrer prosessen. Her er det økonomien som pressar fram eit resultat som ikkje er til beste for innbyggjarane. Sogn og Fjordane består av mykje meir enn Førde. Her er det mange som misser nærleiken til gode miljø som er bygde opp over tid, seier Helgesen.

- Kva gjer Nordfjordrådet vidare?

- Eg har sendt brev til helseministeren der eg ber om eit snarleg møte. Vi krev at regjeringa sine lovnader til innbyggjarane i Sogn og Fjordane vert følgde opp med midlar og handling før helsetilbodet i fylket vert rasert, seier Helgesen.

Allereie denne veka har ho kalla inn Nordfjordrådet til ekstraordinært møte der også stortingsbenken i fylket er invitert.

- Vi skal kjempe så lenge det er mogleg, seier Helgesen.