Anders Fannemel avslutta sommarsesongen med å bli nummer 13 i dagens avsluttande renn i 140 meters-bakken i Klingenthal.

Honndølen hoppa 127,5 og 126,5 m, og vart nest beste nordmann. Daniel Andre Tande vart nummer 9 med 1334 og 128 m.

Maciej Kot vann etter hopp på 140 og 143,5 m,  framfor Kamil Stoch (131/132) og Peter Prevc (123/135).

Laurdagens renn i Hinzenbach vart også vunne av Maciej Kot, framfor Dawid Kubacki og Peter Prevc. I dette rennet kom ikkje Anders Fannemel til finalen, men enda på 33. plass. Beste norske hoppar vart Joachim Hauer på 6. plass.