Anders Fannemel og Hornindal er inspirasjonskjelda når hoppentusiastar meiner det er på tide med eit hoppanlegg for barn og ungdom i Bergen. Byen har pr i dag ingen bakkar som kan brukast, trass i at byen har stolte hopptradisjonar, heiter det i ei sak publisert på Brostein, nettavis under Institutt for informasjons- og medievitenskap ved Universitetet i Bergen.

- Når ein kan få fram ein World cup-hoppar i Hornindal, bør ein kunne klare det i Bergen også, meiner hoppentusiastane nettstaden har snakka med.