Ein bilførar vart stoppa etter å ha køyrd i 107 km/t i 80-sona på rv 15 ved Grønevik i Stryn tysdag kveld. Farta vart målt som gjennomsnitt over ei strekning på om lag 2,6 km og kvalifiserte til forenkla førelegg på 6.500 kroner og tre prikkar i førarkortet.