Som tida gjekk og vi sjøa- gutane flytta ut frå vår draumeplass her ved bryggjeområdet, fann ein vegen tilbake så ofte ein kunne.
Biletet var lite endra, folk møtte opp, Sigurd kom roande frå Stranda og la til på sin faste plass ved svaberget i hjørnet mellom bryggja og butikklagerbuda, og ”Dampen” var den same. Ein var blitt tenåring.Eit båt-”anløp” skil seg likevel definitivt ut:
17. mai 1945 la DS ”Firda” til Blaksæter bryggje med full flaggprakt. Dette var utan tvil den største dagen i Blaksæter bryggje si historie.
Byborna
Ei anna hending frå året før var då ”Hosanger1” kom frå Bergen fullasta med skuleborn, etter bombinga av Holen skule på Laksevåg.
Dette var dei såkalla ”Byborna” som skulle til heimar i heile bygda for å kome bort frå krigshandlingane i byen. Som skulle bli eit sterkt kjærleiksforhold som delvis lever enno. Men om dette var eit sterkt rørande mottak der på bryggja, var denne 17. mai 1945 ein stor jubeldag.Det er skrive som billedtekst i Fylkesarkivet sin presentasjon til same biletet som ein her er så heldig å få presentere, at nokre av mannskapet gjekk brattbakkane opp til ungdomshuset Frendehall ”der dei fekk mat (truleg rømegraut)” Jau, ikkje berre truleg, det var gratis rømegraut med sukker og kanel til heile bygda! Og dette berre ei veke etter fredsdagen!
Mangla kanel
Det var som ein ikkje ville tru det var sant!
Det var Harald Stensaker som stod for denne bragden og var organisator til det heile. Og han kunne opplyse ved bordseta at det heldt på å bli stor krise då ein mangla kanel. Men dette fann dei tak i på Faleide, og det kom nettopp med DS ”Firda” som ekspress! Derfor måtte ein dryge litt med maten til kapteinen kom med kanelpakkane!
Kyrkjeferd
Ein har nemnd kyrkjebåtane, som ligg i eige naust ved Blaksetnausta, like vest om bryggja. I mi gutetid nytta ein desse til kyrkjereiser over fjorden til Innvik.
Båtane er såkalla femkeipingar, og har rorkult med styrestag. Ein gjekk i båtane ved støa rett utanfor naustet, berre ein stor flat stein låg lagleg til ved normalsjø, men det var flo og fjære også her, som andre stader. Det skulle vel ikkje vere enkelt for kvinner med sid stakk og godt kledd elles å balansere seg over i båten, som aldri låg heilt stille, frå steinar med til dels stor sjøoverskyljing. Og mange skulle bli med. Full båt og vel så det. Ja, at det gjekk godt!
Ruskevêr og høg sjø
Overfarten var lang, og ofte var det ruskevêr og høg sjø. Ein juledag, då under krigen, var det rett så dramatisk, då det bles opp midtfjords på tilbakevegen. Då var ikkje den store ulukka langt unna. Båtane tok inn sjø og ein ausa det ein makta.
Dette resulterte i uro i båtane med mykje ukontrollerte rørsler, som også uroa roinga, så båtane kom langt ut av kurs i vinden. Båtane kom endeleg til land etter fleire timar, fulle av vatn! Og dette var vinterstid og mange hadde lang veg heim, til fots!
Kyrkjebåt som slep
Båtane vart og nytta ved gravferder. Kista blei sett i eine båten, og den tok sin plass. Men då måtte sjøen vere i god- lune.
Denne ungguten ein skriv om imellom, var med på ei slik gravferd til ei tante. Sant nok hugsar han ikkje så mykje av ferda, så det kunne ikkje ha vore nokon dramatikk denne gongen. Seinare blei det båt. ”Lødemelen” frå Olden var vår faste båt til slike høve som kyrkjereiser, både til preike og bryllaup. Nokre gonger ved sistnemnde, var fylgje så stort at ein måtte nytte ein kyrkjebåt som slep. Dette med motorbåt var heller ikkje utan risiko, der folket stod tett i tett på båtdekket og vaksengutane nærast balanserte i ytterkantane på båten, mest fremst på baugen. Slepet var også ofte overfylt. Og utan sikring!
Barndomsminne:
Kåre Jens Nygård fortel i desse artiklane om barndomsminne frå oppveksten ved sjøen på Blakset
Den første artikkelen i serien stod på trykk tysdag 22. desember
Andre artikkel i serien stod på trykk tysdag 5. januar
Tredje artikkel i serien stod på trykk fredag 8. januar
Fjerde artikkel i serien stod på trykk fredag 15. januar