Ein mann i slutten av tenåra slapp frå det utan skader då han køyrde i fjellveggen ved Staveneset, på fv 60 mellom Stryn og Loen natt til onsdag. Uhellet skjedde ved 01-tida.

Då naudetatane kom på plass vart mannen kontrollert av ambulansepersonell og erklært uskadd, opplyser politiet.