Johannes Thingnes Bø varsla stigande form før dagens sprint i Rupholding. Og det er tydeleg at stryningen har brukt juleferien godt. På imponerande vis vann han verdscupløpet etter god fart og to feilfrie skytingar.
Det var ein svært god dag for Stryn, Markane og Norge. Bror Tarjei skaut også fullt hus og var berre tre sekund bak veslebror på andreplass. Og som om ikkje det var nok, kom Emil Hegle Svendsen på tredje.
- Johannes har ein fantastisk statistikk. Kvar gong han er på pallen, står han øvst, uttalte NRK kommentator Andreas Stabrun Smith.
Laurdag går løparane jaktstart med utgangspunkt i dagens sprintrenn.