- Eger lei meg på hans vegne, seier Johannes Thingnes Bø etter sprintløpet der Tarjei enda som nummer 54.

- Han hadde litt stang ut på mix-stafetten,og i dag går det heller ikkje. Men avskrive han på jaktstarten gjereg ikkje. Han har bomma fem gangar på sprinten tidlegare og kome tilbake med andreplass, påpeikar Johannes.

Skal angripe på jaktstarten

Sin eigen fjerdeplass er han sånn passeleg nøgd med.

- Det er dritkjedeleg med fjerdeplassar. Du fåringenting for den i VM. Då er det medalje som gjeld, forklarerhan til Fjordingen og er litt ekstra bitter på at eit skot gjekk avfor tidleg.

- Det gjekk av eit skot før jeg var heilt i stilling. Deter ekstra bittert no, sjølv om eg uansett ikkje hadde teke gull.

- På jakstarten skal jegberre angripe. Sjølv om det blir bom i starten er det muleg å kjempeom medalje. Det gjeld å gi gass, seier han.

Gikk all-in

Tarjei Bøsåg før start korleis det låg an. Då han fekk ein strafferunde påliggande var sjansane kraftig redusert.

– På ståande gjekk eg"all-in". Eg angreip for min livs skyteserie. Dessverre blei det trebom. Resultatet er så dårleg at det ikkje bit på, seier han til Fjordingen.

– Kva tenkjer du om jaktstarten?

- Eg satsaralt på tåke og full storm. Det er min einaste sjanse. Kanskjetreng eg også vindkasta frå helikopteret til Rimi-Hagen, seierTarjei. Han meiner veslebror Johannes har ein fair mulegheit påjaktstarten.

- Han er den raskeste i dag med ein bom, så han har eitgodt utgangspunkt, seier Tarjei.

– Korleis ser du på kampen mot veslebror?

- Johannes er sjølvsagt ein av utøvarane eg gjerne vilslå, men det er kult når han lukkast også.

Best sjanse på fellesstarten

– Kva tenkjer du om restenav meisterskapen?

- Medaljesjansane er størst på fellesstarten.20 kilometeren er meir ein skytekonkurranse. Denne sesongen har egikkje vore god nok der, påpeikar han ovanfor lokalavisa.

Begge er imponert overOle Einar Bjørndalen, som tok sølvmedalje i ein alder av 42 år.

- Det er fantastisk det han gjer. Han leverer gong på gong. Dette varlike imponerande som OL-gullet han tok i Sotsji. Eg er glad påhans vegne, seier Tarjei. Johannes er samstemt.

- Det erimponerande, ikkje minst i den alderen. Men vi ser han på trening såvi veit kva han er god for. Skiskyting-VM fortset søndag medjaktstart, basert på resultata frå 10 kilometer sprint i dag.

Tarjei Bø pådrog seg fire strafferundar og var sjanselaus til topplassering på sprinten. Foto: Tom-Vegard Feltstykket