Den aukande turismen på Geirangerfjorden og Nærøyfjorden vekkjer uro. Staten må koma meir på banen, blir det hevda. Dette var eit sentralt tema på Grøn fjord konferansen i Geiranger sist veke.

I eit eige notat har Vestnorsk fjordlandsskap bede om at staten tek initiativ til ei nasjonal utgreiing om forvaltninga av dei populære fjordane. Det blir peikt på at verdsarvfjordane ikkje berre er eit lokalt ansvar, men ein verdi også nasjonale styresmakter må hjelpa til å ta vare på.

Statssekretær Lars Andreas Lunde i Klima- og miljødepartementet var ein av innleiarane.

– Det kom heile fire representantar frå Klima- og miljødepartementet for å delta på konferansen, seier direktør Katrin Blomvik i Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv til Nynorsk pressekontor.

Ho meiner det viser stor interesse for problemstillingane konferansen reiser.

– Dette er ei sak som krev nasjonal merksemd og koordinering av ulike forvaltningsnivå, seier Blomvik.

Konferansen var eit samarbeid mellom Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv og Møre og Romsdal fylkeskommune.

– Sjå til Alaska

Det siste året har Vestnorsk fjordlandskap knytt gode kontaktar med folk i Alaska som har utvikla ein forvaltningsmodell for verdsarvfjorden Glacier Bay. Denne modellen blir trekt fram som interessant også for Noreg.

– Glacier Bay har eit fjordlandskap som ikkje er så ulikt vårt. Dei har ikkje busetnad innanfor verdsarvgrensene, slik som oss, men elles er det store likskapar, seier Katrin Blomvik.

Ho fortel at fjordane i Glacier Bay på same måten som Geiranger og Flåm trekkjer til seg svært mange besøkjande, men at styresmaktene der har greidd å regulera trafikken på ein annan måte. Til dømes har dei mykje betre spreiing av cruisetrafikken og ingen dagar med meir enn to cruiseskip.

– Dei lyser også ut tiårskontraktar for cruiseskipa for å få segla i området. Det betyr at reiarlaga må konkurrera om å levera dei beste anboda i høve til miljøomsyn og andre kriterium, forklarer direktøren for Geirangerfjorden verdsarv.

Andre kriterium kan vera oljeutslepp, støy og bruk av helikopter.

I tillegg til å stilla krav til reiarlaga, legg den amerikanske modellen stor vekt på å formidla kvifor det er viktig å ta vare på dei verneverdige områda.

Arrangørane av konferansen håpa at modellen vil skapa stor interesse også hjå norske styresmakter.

– Det vi eigentleg ønskjer er ei utgreiing som seier noko om kva som er mogleg å få til innanfor det regelverket vi har i dag og kva vi eventuelt må oppretta av nye tiltak, seier Blomvik.

Etterlyser betre samordning

Ho meiner eitt av dei største problema i dag er at forvaltninga av verdsarvfjordane her i landet er spreidd på mange ulike instansar.

– Dei lokale hamnestyra har til dømes ansvar for hamnepolitikken, Kystverket har ansvar for farleia, medan Sjøfartsdirektoratet tek seg av skipa og Miljødirektoratet og Fylkesmannen av det som gjeld forureining. Skal vi greia å tilnærma oss ein betre politikk, er vi heilt avhengige av at instansane samarbeider betre internt, slå ho fast.

Ho meiner eitt av dei viktigaste spørsmåla for departementet å finna ut av, er om lovverket vi har i dag er godt nok. (©NPK)