Else Kåss Furuseth gler seg til å vise Kondolerer for aller siste gong- i Stryn kulturhus laurdag 12. mars.

– Eg gler meg veldig til å vise Kondolerer i Stryn. Sidan det er aller siste gong for ei framsyning eg har vist i fem år, så blir det litt spesielt. Så Stryn blir jo ein slags avslutningsfest der alle er velkomne, seier Else Kåss Furuseth til Fjordingen.

Ho balanserer humor og rått alvor i ei openhjertig forestilling om livet – gjennom si eiga historie om å miste både si eiga mor og bror i sjølvmord. Kritikarane er samde om at Else har skapt stor kunst som balanserer hårfint mellom latter og alvor.

– Kondolerer er noko så enkelt og vanskeleg som ein uironisk hyllest til livet, med mykje galgenhumor. Det handlar om å bli forlatt, men også om at det er lov å leve vidare, fortel Else.

Vore eit eventyr

Har fem år med Kondolerer vore «eit eventyr», som det står i presseomtalen?

– For meg personleg har det vore eit eventyr, ja. Det er publikum som avgjer kor lenge ein får halde på med ei framsyning. Eg var spent på om folk ville like det eg prøvde å formidle. Eg har halde på med Kondolerer sidan 2011, og synest det er moro at eg kan reise rundt i landet med framsyninga, seier ho.

Morosamt og trist

– Korleis har responsen vore?

– Det har vore litt ulik respons frå stad til stad. Alle menneske har eigne liv og følelsar. Det noko synest er morosamt, synest andre er trist. Men hovud- tilbakemeldingane er at folk går oppløfta ut etter framsyninga, og kjenner at det er herleg å leve, seier komikaren.

Viktig å vere open

– Kvifor er det så viktig å snakke om psykisk helse?– Ein må ikkje dele alt for ein kvar pris, men eg trur ikkje det blir verre av å snakke om ting. Openheit er viktig. Dette er med på å ufarleggjere vanskeleg tema. Det er ein viktig bonus, og noko eg bryr meg om. Folk er gode på å dele følelsar, seier ho engasjert.

Held fram program

– Kva er planane utover året?

– Etter at eg har pakka fjellsekken min i Stryn, blir det meir av TV2-programmet Det er lov å vere blid. Så latter og gråt går hand i hand. Eg kjem til å halde fram å lure folk og glede folk, seier ho. Og viss det blir ny framsyning, er det vel naturleg å kalle den for Gratulerer, legg ho til med eit smil.

Første gong i Stryn

– Eg har ikkje vore i Stryn før, og som den Jessheim-jenta eg er så gler eg meg til å kome dit det ikkje berre er flate jorde, og ikkje minst: Møte folk. Det er ein stor bonus for meg å få reise rundt i landet på turne, seier ho. Oppslutninga har vore bra då langt, men ho håpar det blir ein del som kjem. Målet er jo at folk skal kome og vere med å le av noko som er vanskeleg å snakke om, avsluttar Else Kåss Furuseth.