Arbeiderpartiet støtta både i fylkesutvalet og i vårt eige budsjettframlegg i fylkestinget å løyve 3,5 millionar kroner til planlegging og oppstartsmidlar for fylkesveg 60 i 2024. Det er same summen som også ligg inn i Senterpartiet sitt budsjett. Så når Per Ivar Lid i ein kommentar i Fjordingen 15. desember påpeiker at «heller ikkje Ap har lagt inn midlar» så er det tull og tøys.

Bakgrunnen for artikkelen er fylkesdirektøren si kuttliste som er basert på ei bestilling frå fleirtalet i fylkestinget med Høgre og Frp i spissen. Då kom fylkesdirektøren med ei liste på om lag 110 millionar som kunne utsetjast. Her var fylkesveg 60 eit av kuttforslaga. Arbeiderpartiet har aldri støtta dette og det understreka varaordførar i Volda Sverre Leivdal i Fjordingen 8. desember.

Både Lied og journalisten Jan Erik Røsvik veit at Arbeiderpartiet ikkje støtta å utsetje fylkesveg 60. Underteikna var tydeleg på talarstolen på fylkestinget om at Arbeiderpartiet ikkje støtta utsetjing og det veit Lied og journalisten, for dei var begge tilstades i fylkestinget. Så kanskje Fjordingen kan spørje Arbeiderpartiet neste gong, og ikkje andre parti.

Senterpartiet har rett nok lagt inn ekstra midlar i 2025 og 2026, men då kan det vere på sin plass å nemne at dette og andre gode formål ikkje har inndekning i Senterpartiet sitt investeringsbudsjett.

Arbeiderpartiet står støtt bak vedtaket i fylkestinget i juni der prosjektet mellom Tomasgard og Røyrhus bru er tatt inn i prioritert liste over store prosjekt og at det blir sett av midlar til regulering og oppstart på arbeidet. Difor er det synd at Per Ivar Lied og Senterpartiet skapar tvil om at vi støttar fylkesveg 60 når det er Høgre og Frp vi må rette skytset mot. Det er deira budsjettframlegg som kan føre til utsetjing og stans i arbeidet med fylkesveg 60. Møre og Romsdal Arbeiderparti vil ikkje støtte den føreslåtte kuttlista på fylkesveg 60.

Geir Ove Leite

Fylkestingsrepresentant Arbeidarpartiet