Vintertemperaturane i Norge har i snitt auka med rundt to grader frå målingane i perioden 1961 til 1990 til den neste 30-årsperiode frå 1991 til 2020.

– Eit kjenneteikn på klimaendringane, ikkje minst på Vestlandet, er at våren startar tidlegare enn før og hausten varer lenger. Vintersesongen blir kortare i begge endar. Vi har fått meir nedbør om vinteren og mindre om hausten, seier klimaforskar Jostein Mamen ved Meteorologisk institutt.

Jostein Mamen er klimaforskar ved Meteorologisk institutt. Foto: Privat

Det er ein klar tendens, seier han, at særleg desember, januar, februar og mars har vorte våtare enn tidlegare. Mai og juni har endra seg lite med omsyn til nedbør, og det er heller ikkje store endringar i juli og august. Men totalen for heile året viser at det er meir nedbør.

Mamen fortel at dei ved Meteorologisk institutt plar rekne desember, januar og februar som vintermånader, men at det også er ein annan måte å måle vinteren på. Vinteren er perioden den normale døgnmiddeltemperaturen er under 0 grader.

Vinteren er borte

– Når vi samanliknar lengda på vinteren i dei to normalperiodane 1961–1990 og 1991-2020, finn vi at det er fleire målestasjonar, spesielt på Vestlandet, som har mista vinteren. Det gjeld blant anna stasjonen på Jordal i Odda i Ullensvang kommune i Hardanger, som i perioden 1961–1990 hadde ein månadsmiddeltemperatur i den kaldaste månaden på minus 3,5 grader.

I perioden 1991 til 2020 var denne middeltemperaturen stige til pluss 0,3 grader. Ved Ullensvang forsøksgard steig middeltemperaturen frå minus 0,4 til pluss 0,7 i same perioden.

Andre målestasjonar som har gått frå minus til pluss er Vangsnes i Vik i Sogn (-0,1- +1,0), Sandane i Gloppen i Nordfjord (-0.5- +0,7), Velle i Ørsta i Møre og Romsdal (-0,7- +0,7), Molde lufthamn i Møre og Romsdal (-0,3- +1,1), Sunndalsøra i Møre og Romsdal (-0,3- +1,1) og Tingvoll i Møre og Romsdal (-1,3- +0,5)

– Om vi ikkje får ned utsleppa av klimagassar gjennom forbruket vårt av fossilt brensel, så reknar vi med at denne utviklinga vil halde fram i åra som kjem.

Klimaavdelinga på Meteorologisk institutt har funne fram ein del interessante fylkesvise konsekvensar av klimaendringane. I Møre og Romsdal er det registrert fleire dagar med sommarlege temperaturar gjennom vintermånadene.

20 grader i november

På vêrstasjonen i Tafjord var det 15 grader eller meir 18 gonger i perioden 1961 til 1990. I den neste 30-årsperioden frå 1991 til 2020 skjedde det 34 gonger. Tafjord er ei bygd mellom høge fjell som ofte opplever varm fønvind om vinteren. Sunndalsøra er utsett for same fenomenet. Ved begge stasjonane er det registrert temperaturar på over 20 grader i november og opp mot 20 grader i desember, januar og februar.

– I eit varmare klima blir også periodane med fønvind varmare, seier Mamen til NPK.

Endringane kan også merkast ute ved kysten. Ved målestasjonen på Vigra utanfor Ålesund var det i perioden 1961 til 1990 målt temperatur over 12 grader 13 gonger om vinteren. Frå 1991 til 2020 var det 35 dagar med temperaturar over 12 grader.

I Vestland fylke, altså tidlegare Sogn og Fjordane og Hordaland, merkar ein også klimaendringane.

I oversikta for Meteorologisk institutt går det fram at til dømes Bergen har fått fleire dagar med over 20 grader, og det er også registrert tre gonger så mange høgsommardagar her som for 30 år sidan.

Ein høgsommardag er ein dag med temperatur over 25 grader. I perioden 1961 til 1990 var det berre 3,2 dagar med snitt på over 25 grader, medan i den neste 30-årsperioden var tre gonger så mange. Også vanlege sommardagar, altså med 20 grader eller meir, har auka frå 24 til 42.

Vinteren fjorten dagar kortare

I Rogaland er det også kortare vintrar. Eit døme er Gullingen skisenter 600 meter over havet i Suldal kommune. Dei siste 30 åra har vinteren vorte fjorten dagar kortare. Det betyr to færre veker der døgnet har ein snittemperatur under null grader. Det gjer også at det er færre dagar med snø.

I Viken fylke, som består av Akershus, Østfold og Buskerud, merkar dei også kortare vintrar. Her blir Sokna på Ringerike i Buskerud trekt fram som eit eksempel. For 30 år sidan var det fire vintermånader med godt skiføre, men no har 36 skidagar forsvunne. Sokna ligg 140 meter over havet.

Forskarane definerer 25 centimeter snø som minimum for godt skiføre.

Også Innlandet, gamle Hedmark og Oppland, merkar eit varmare klima. I Lom i Jotunheimen finn vi 7.600 gammal is, den eldste her i landet. Når isen smeltar, kjem 1.000 år gamle kulturskattar fram. I 2006 vart den eldste skoen i landet funnen her, og det er funne gamle reiskapar, ski og klesplass der isen har smelta.

Breane minkar

Klimaendringane fører til at breane blir mindre og at permafrosten tiner. Meteorologisk institutt har gjort målingar av permafrosten på Juvasshø i over 20 år. Om sommaren tinar det øvste laget av bakken over permafrosten, og sidan 1999 har dette laget blitt 20 centimeter djupare.

I Agder er det registrert eit nytt nedbørsmønster. Ved Blåsjø, det største kraftmagasinet i Norge, kjem det no om lag 17 prosent meir nedbør på vinteren enn det gjorde for 30 år sidan. Årsnedbøren har ikkje endra seg særleg, men han kjem altså på ei anna tid av året.

I Telemark og Vestfold er det fleire gonger dei siste åra sett nye rekordar i styrtregn. I 2021 kom det 78,5 millimeter regn på ein time på ferieøya Tjøme. Totalt sett har det blitt meir regn dei siste 30 åra, og særleg har det vorte meir vinternedbør.

(©NPK)