I alt vart 69 prosent av dei selde hyttene i Norge i fjor selde under foreslått pris. Året før var andelen 55 prosent. Det viser tal Prognosesenteret og Eiendomsverdi, skriv Dagens Næringsliv.

Om lag 11 prosent av hyttene gjekk til foreslått pris, medan 20 prosent gjekk over.

Ifølgje Tone. C. Krange, segmentsjef for fritidsbustader i DNB Eiendom, aukar talet på utanlandske kjøparar, ein trend dei allereie har sett nokre år.

– Totalveksten i fjor var på 3,6 prosent, men på alpindestinasjonane var auken på heile 5,2 prosent. Dette er ei pengesterk kjøpargruppe, som har gjort sitt inntog både som hytteeigarar og i utleigemarknaden, seier ho.

– ​Den typiske norske hyttekjøparen akkurat no, er hushald frå dei store byane med god økonomi, legg ho til.

(©NPK)