Krav til formell utdanning for å bli bonde er eitt av forslaga landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) får av eit utval som foreslår tiltak for betre rekruttering til landbruket.
Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Landbruks- og matdepartementet, Innovasjon Noreg, Landbruksdirektoratet og regionale styresmakter har vore representert i utvalet som leverte rapporten onsdag ettermiddag.I utvalet var det berre representanten frå regjeringa som gjekk mot eit forslag om å stille formelle kompetansekrav til framtidas bønder.– Dette er eit forslag som det nok kan vere delte meiningar om i jordbruket, seier Småbrukarlagets utvalsrepresentant Therese Rudi.Ho meiner likevel at eit slikt krav til jordbruket vil bidra til auka lønnsemd, auka status og ei generell heving av omdømmet til jordbruket.– Norske gardar leverer i dag god og trygg mat. Innføring av eit kompetansekrav vil vere ei forsikring til samfunnet og forbrukarane om at det vil vi fortsetje med også i framtida, seier Bondelagets utvalsrepresentant Brita Skallerud.
(©NPK)