Stryn formannskap går i samrøystes tilråding inn for at kommunestyret på møtet 31. mars  seier nei til søknaden om 1,5 millionar kroner i delfinansiering til bygging av sikringshytte på Skåla. Verbalt får prosjektet full støtte frå kommunen.

- Stryn kommune ser særs positivt på at turlaget ynskjer å gjennomføre denne satsinga, heiter det i vedtaket.

Bergen og Hordaland Turlag eig Skålatårnet som har 27 sengeplassar. Dei vil no bygge ei sikringshytte som aukar overnattingskapasiteten med 25 sengeplassar og gjev betre sanitærtilhøve med fire toalett. Prosjektet har ein samla kostnad på 6.130.000 kroner.

Finansieringsplanen legg opp til slik kostnadsdeling:

Spelemidlar 1 million kroner, tilskot Stryn kommune 1,5 mill. kroner, Hotel Alexandra og øvrig næringsliv i Stryn 2 mill. kroner, Olav Thon Stiftelsen 800.000 kroner, eigenandel Bergen og Hordaland Turlag 500.000 kroner og andre bidragsytarar 330.000 kroner.