Det er slutt på regnet, og førebels er det også slutt på snøen. - Det er kaldt og tørt vinterver i vente i nesten ei heile veke framover, seier meteorolog Geir-Ottar Fagerlid til Fjordingen.

Men til dei som går og håpar på snø: Det er faktisk snø i sikte, om alle meteorologiske teikn slår til.

- Det er ikkje før ca søndag 10. januar at det er sjanse for nedbørigjen. Men det er venta ein kald vertype også etter 10. januar, så egvil seie det er gode sjansar for snø i neste veke! seier statsmeteorologen frå Olden.