Det var ein svært stolt familie Bø som Fjordingen møtte førnormaldistansen i skiskyttar-VM torsdag. Dei legg ikkje skjul på atstore forventingar er knytte til gutane deira.

- Eg håpar dei fårein individuell medalje kvar i tillegg gull på stafetten laurdag,seier mor Aslaug. Far Klemet dreg fram at gutane faktisk har levertsvært gode resultat.

- Folk forventar så kolossalt mykje, ein måhugse på kor mange andre gode her er. Det skal svært mykje til forå kome på pallen. Her er fleire gode i verda og, ler han.

- Storoppleving

Det er lite som kan toppe folkefest i Holmenkollen forskiinteresserte. For familien Bø er det sjølvsagt ekstra stort.

-Det er veldig spesielt å vere her, seier veslebror Gaute. VM i Osloer den første store meisterskapen han har vore på.

- OL var ei storoppleving, men dette her er endå meir stas, tykkjer Aslaug.Stemninga her er heilt spesiell. Eg er imponert over alle som kjemfor å sjå på, vi har jo ein ekstra grunn til å kome, men alle deiandre publikummarane! Det er fantastisk at dei gjer slik ære på deigode idrettsutøvarane frå alle land.

Klemet fortel om eit voldsomttrykk på tribunen. Førre helg var det 20.000 tilskodarar påtribunane. Det er venta minst like mange denne helga.

Høgeforventingar

No håpar familien Bø på endå betre resultat. Dei glerseg særleg til stafetten laurdag, der Norge er den storegullfavoritten. - Vi har store forventingar til stafetten, seierAslaug. VM på heimebane er veldig stas, og det er klart det er littekstra press på å prestere for det norske laget. Dei har lege itoppen i mange år, og eg meiner dei har sjanse til å vinne sjølv omdet er sterke motstandarar i dei konkurrerande laga. - Eg gler megveldig til fellesstarten eg, seier Gaute, det er no den som ergjevast å vinne! Då startar alle på likt og det er den som skytbest og går raskast som vinn.

GAUTE: Fekk teste VM-løypene: Veslebror Gaute Bø fekk prøve seg i spora til brørne under treningsdagen tysdag. - Eg var bra mørna i beina etter nokre rundar, fortel han. (Foto: Ingrid Kvåle Faleide)