Arrangørane av Holmøyskarrennet har bestemt seg for å vere på den sikre sida og arrangere rennet i reserveløype i morgon.

- Veret er ikkje på arrangørane si side i år. Det er skodde og vind i høgfjellet i dag, og i morgon er det meldt meir vind. Vi har difor hatt møte i dag og bestemt oss for ei løype som ligg lågare ned, seier rennleiar Arne M. Sølvberg. Men det blir ikkje nokon dårleg erstatning, seier arrangørane som tek sjansen på å kalle løypa "Noregs finaste reserveløype".

Løypa vli følgje den vanlege traseen på første og siste delen. På Rosetstøylen vil løypa svinge mot vest, gå nedamfor Ulvedalsstøylen, ovanfor Bergsetstøylen med satfstasjon ovanfor Sølvbergstøylen og vidare utover til Kleiva og inn på den kjende traseen mot mål ved Nordfjord fritidssenter.

- Dette vert ei flott løype på om lag 18 km, seier Sølvberg.