Hornindal Idrettslag, fotballgruppa og friidrettsgruppa, er innvilga skjenkeløyve for øl og vin under dansegallaen 26. og 27. august. Løyvet gjeld i Honndalshallen, samt utvida skjenkeareal på raudedekket ved døra midt i hallen, og eit mindre inngjerda område ved inngangen til kantina.

I samband med dansegallaen er det også innvilga løyve til å servere alkohol laurdagen frå klokka 11.30 til 18.00 i telt på Coop-tomta i Grodås sentrum.

Ansvarleg for skjenkeløyva er Edvin Haugen og Sverre Leivdal.

Harald Vartdal