Stryningen Kenneth Aaland er ein av marinesoldatane som feira med ein såkalla flash mob då dei var ferdige med rekruttskulen i Stavanger. No spreier videoen av dansen seg på nettet. På YouTube har snart 250.000 sett videoen.

"En flash mob er en gruppe mennesker som plutselig samles på et offentlig sted, der de sammen utfører en uvanlig og ofte morsom handling, for deretter å spre seg igjen" (Kjelde: Wikipedia).

- Vi hadde dansen først og fremst fordi 3. kompani, som eg var på, og 5. kompani skal nedleggast på grunn av forandring og nytt system i forsvaret. Så hadde vi ein befal som hadde dansa heile livet og som laga dansen, forklarar Aaland.

Han fortel at det er ganske mykje øving som ligg bak, sidan det var over 200 soldatar som skulle danse.

- Og for at det skulle bli bra måtte alt vere likt. Så vi brukte ein god del av fritida på den.

Aaland seier det vart litt oppstuss då dei gjorde dansen.

- Det var berre vårt kompani som dansa, og ingen andre visste om dette. Så det var ei stor overrasking for dei andre. Spesielt for 5. kompani fordi det var ei lita rivalisering mellom kompania. So halve 5. kompani gikk og ville ikkje sjå dansen. Var litt komisk, smiler Aaland.

- Men alle var fornøgd med resultatet -spesielt han som lagde dansen og stod bak alt. Han blei rørt, fortel Aaland.

Sjå videoen her!

Kenneth Aaland frå Stryn og resten av dei 200 soldatane i 3. kompani ved rekruttskulen i Stavanger imponerer med dans.