Tiltak gjeld på strekninga frå krysset mot Vikavegen til vegkrysset mot Geilevegen.Saka var oppe i sektorutvalet for tekniske saker tysdag, og teknisk sjef Jan Flore la ikkje skjul på at det dreia seg om "sikkerheit mot økonomi".

- Oppbygt fortau billegast å drifte

- Vi har kome opp med to alternativ. Fortau er billegast å drifte og kan driftast av uteavdelinga sjølv. Med rekkverk har vi ikkje utstyr sjølve i dag til drifting. Då må ein enten kjøpe nytt utstyr eller leige inn tenester, sa teknisk sjef og la til:

Skal ein ha rekkverk, må ein ned i grunnen. Slik sett får ein eit skilje mellom køyreveg og mjuke trafikantar. Med eit vanleg fortau,  kan uteavdelinga sine folk køyre oppå under brøyting. Med rekkverk slik som Svellevikellipsen ser dei utfordringane. Då må ein ha spesialverkty, men det er likevel ingen tvil om at rekkverk er tryggast.

Samrøystes for fortau

Utvalet gjekk samrøystes inn for å velje det første alternativet med oppbygt fortau med avvisande kantstein med høgde 13 centimeter, og dette vart grunngjeve med betre sikkerheit enn i dag og likevel moderate driftskostnader i høve til eit rekkverk.

Fortau vert likevel dyrare å etablere enn eit rekkverk. Antatt utbyggingskostnad for eit opphøya fortau er på omlag 650.000 kroner. Det andre alternativet med montering av Svellevikellipsen som eit fysisk skilje ville ha kosta 150.000 kroner mindre. Ved å velje oppbygt fortau, vert det ikkje kostnadsauke i forhold til dagens drift. Driftinga av eit fysisk skilje ville kosta i storleik kr. 100.000.- årleg.

Det er gjeve budsjettløyving på 940.000 kroner, og frist for ferdigmelding av tiltaket er 30. november i år ettersom det er gjeve 60 % i fylkeskommunale trafikktryggingsmidlar.